Bakgrunn:
Musikkterapibandet Soul Party blei starta av Francis McAuley, Preben Samuelsen og musikkterapeut Øystein Lydvo våren 2013, som ein del av musikkterapitilbodet ved Bjørgvin Distriktspsykiatriske Senter (DPS). EP’en «Wicked Times» var produsert av Yngve Sætre i Duper Studio, og består utelukkande av Francis sine komposisjonar. Saman med spelejobbar, var plateutgjevinga eit ledd i behandlinga samfunnsmusikkterapi. I tilegg til at plata er eit «fysisk ressursbevis» og eit kontaktskapande verktøy for musikarane, ynskjer bandet med plateutgjevinga å inspirere menneske med psykiske helseplager til å komme i gong med helsefremjande aktivitetar. Platetittelen «Wicked Times» skal symbolisere håp, medan bandnamnet Soul Party står for fellesskapet ein kan oppleve gjennom det å spele i band. I Soul Party har ein sett at meiningsfulle aktivitetar kan føre til tilfriskning, og at fokus på det friske kan styrkje identitet og gje eit betre sjølvbilete. Bandet vart oppløyst og behandlingen avslutta i vår. Bandside: http://phonofile.link/soul_party